Det tredje bandet i heknetrilogien, ‘Skråpånatta’, innfrir det ‘Søsterklokkene’ og ‘Hekneveven’ lova. Her er ingen store overraskingar eller uventa skruar, berre meir av det som gleda mange tidlegare: Ei mytisk eventyrforteljing i botnen. Gode miljøskildringar. Ein interessant hovudperson. Eit vell av andre romanfigurar. Lokal forankring, språkleg og geografisk. Band mellom land. Innsikt i naturen, historia, folket. Rett og slett solid romanhandverk.