Skallebank
Tietoa kirjasta
Journalist Agnes Tveit skal dekke det tradisjonsrike Smalahovesleppet på Voss for lokalavisa då ho får auge på eit menneskehovud blant saueskallane.
Den påtroppande ordføraren på Voss, tidlegare TV-kjendis og heimflytta vossing Sjur Dagestad, dukkar ikkje opp til opninga av Smalahovesleppet. Men hovudet hans gjer det. Det blir funne i festivalteltet, skilt frå resten av kroppen. Kven har tatt livet av - og halshogd - den populære politikaren?
Agnes Tveit, som er tilbake i avisa Hordaland og motvillig nærmar seg sin eigen 40-årsdag, var truleg den siste som prata med Dagestad då ho portrettintervjua han dagen før. Ho kastar seg ut i ei etterforsking som avdekker stygg maktkamp, politiske fiendskap og alvorlige truslar. Jo tettare Agnes kjem på drapssaka, jo fleire truslar blir retta også mot henne.
Skallebank er Randi Fuglehaug sin tredje frittståande krimroman med handling frå vakre Voss. Hennar første roman, Fallesjuke, vann Mauritz Hansen-prisen «Nytt blod» for beste norske krimdebut.