Så lenge Are Kalvø har levd, har det blitt krangla om by og land. Andre kranglar blir vi ferdige med. Ikkje denne.
Tida er inne for å legge denne konflikten bak oss og heller bruke kreftene våre på å løyse dei store problema i verden.
Are Kalvø ofrar seg for saka. Han skal bu ein månad i Norges minste kommune og ein månad i Europas største by. Så skal han samanlikne, og så slå fast ein gong for alle: Kva er best? By eller land?