For Sanne er det berre ein ting som gjeld: kjærasten Henrik. Det er dei to mot verda.
Så nærmar russefesten seg, og Sanne blir overraska når Henrik plutseleg vil dra dit. Han har då ikkje vore oppteken av sånn før? Sanne vil ikkje vera klengete, men når ho anar ein sjanse til å bli med på festen og halda eit auge med Henrik, grip ho han.
Anders Totland har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. I Blindsone held han fram med å skildra den såre ungdomstida og kor vanskeleg det kan vera å akseptera seg sjølv. Det har blitt ei historie om altoppslukande kjærleik, å mista seg sjølv, og å finna seg att.