Eit brutalt drap kjem for dagen då den svært omstridde gruva i Vevring blir opna. Samstundes blir det funne eit gammalt drapsoffer på botnen av Førdefjorden like ved gruveanlegget. Politibetjent Rolf Randen står sentralt i etterforskinga av drapet i gruva. Journalisten Karianne Grinde grev i den gamle drapssaka, og her kjem ho på sporet av andre dødsfall i distriktet. Har dei ein samanheng med dei to drapa i Vevring? Arbeidet fører også Karianne tilbake til dramatiske hendingar under den bitre sjukehusstriden mellom byane Florø og Førde. Blodhemn er Rune Timberlid si åttande bok om politibetjent Rolf Randen.