Den dunkle dottera
Beskrivelse av boken
Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie aleine til sørkysten av Italia. På stranda er ho kvar dag omgitt ein av støyande, napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir opptatt av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og vere sjalu på den unge jenta og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien.
Elena Ferrante er av The New York Times omtalt som "ein av dei største romanforfattarane i vår tid". Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. «ei intens gjennomtenking av kvinneliv og moderskap frå forfattaren av Svikne dagar» World Literature Today. «sjokkerande oppriktig, direkte og ugløymeleg. Med enkle middel byggjer ho opp ei kraftfull forteljing.» Publishers Weekly.
Elena Ferrante har sidan 1992 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Med Napoli-kvartetten fekk Ferrante eit stort internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.
Opplesing: Gjertrud L. Jynge