Eg drøymer at eg møter att dei som mista livet og at dei skuldor meg for at eg sprang frå dei då fonna kom. I olle foll tre av karone la på sprang nedover då vi høyrde at fonna losna. Eg veit det. For eg såg det. Kvor gong eg høyrer ein uventa lyd, kvekk eg til. Det er som om fonna i Moloupen kjem etter meg kvar eg går. Mannen som fortel dette låg sytten timer under snøen, og vart berga. Rundt om i landet finst mange menneske som har vore i komp med den farlege naturen, på liv og død. Arvid Møller hor vore og snakka med nokre ov dei. Felles for dei fleste er at livet vart omsnudd etter dei dramatiske hendingene. Og fram av dette stoffet stig eit plagsomt spørsmål: kor mykje skjønar vi eigentleg i dag ov dei enorme kreftene som naturen brått kan sleppe laus? Held vi kanskje på å gløyme det mest elementære, i vår konsentrasjon om teknikk og nyvinningar?