Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på?