"Ein sommarkveld himmelen hadde hatt striper i seg, og han sat ved glaset og såg dei komme gjennom graset. Faren stod utanfor, pistolen låg gøymt på toppen av skapet ved døra. Han drog med seg ein krakk bort, klatra opp og løfta pistolen ned, vendte seg mot døra og ropte far, og i det same kom lyden av skot inn til han."
"Eg kjem tilbake" er ein roman som skil seg ut frå kva ein er vant med å lese i norsk samtidsprosa. Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lars Petter Sveen har skrive ei actionfylt historie som trekk vekslar på westernsjangeren. Det er ei fortelling som på same tid er skremmande og vakker, brutal og vanskeleg, og som prøver å vise kva menneske er i stand til. Med eit språk som er poetisk og effektivt, er "Eg kjem tilbake" først og fremst ei drivande og spennande bok.]]>