Bokomslag for Eit praktisk menneske

Eit praktisk menneske

Beskrivelse av boken

«Ein ekte Rorgemoen-roman: original, skarp og vittig.»

Marta Norheim, NRK - Årets beste bøker 2020

Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv?

«Eit praktisk menneske» er ein roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?

Norsk (Nynorsk)