Fire minutt over tolv
roman
Beskrivelse av boken
Inga tid å miste.
Mora til Nikolas ligg på sjukehuset og skal døy. Alt er vondt, og det hjelper ikkje eingong å sjå på morosame hundar på YouTube. Nikolas må berre bort.
I sjukehusheisen finn han ein knapp som ikkje brukar å vere der. Når han trykker på knappen, drar heisen til ein heilt ny etasje.
Klokka er fire minutt over tolv når Nikolas kjem til Endestasjonen. Staden der alle skal reise ein gong. På eit eller anna vis har han stansa tida to minutt før mora skal døy. Men kva gjer ein om ein kan stanse tida, og til og med reise i tid?
"Fire minutt over tolv" er ein særeigen og vakker barneroman, skriven i ein lett og humoristisk tone. Conny Palmkvist skriv både om det som gjer vondt, om korleis ein kan handtere det, og om gullkanta magi. Boka er seld til åtte land.
Frå svensk ved A. Audhild Solberg.