Bokomslag for Frosten og døden

Frosten og døden

kriminalroman

Beskrivelse av boken

Om einsemda på bygda, der alle trur dei kjenner alle. Det er den kaldaste Lom-vinteren på mange år, med sprengkulde og stillstand, folk held seg stort sett inne ved omnane. Berre frå eitt hus stig det ikkje røyk frå pipa: heime hos Agnes Skarstulen. I den fjerde kriminalromanen frå forfattarduoen Kroken og Kolden får etterforskarane Seljestad og Vold igjen ei mordgåte å løyse, parallelt med at dei har sine eigne kompliserte flokar å løyse i privatlivet. Frosten og døden handlar om einsemda på bygda, om korleis eit menneske kan forsvinne inn i isolasjon sjølv om grannane bur berre nokre titals meter unna, i ei bygd der alle trur dei kjenner alle.

Norsk (Nynorsk)