Garborg ønskte med forteljinga "Hjaa ho mor" (1890) å skape eit sidestykke og motstykke til romanen "Mannfolk" frå 1886. "Hjå ho mor" fortel om ei ung jente som får øydelagt kjærleiksevnene sine av ei småborgarleg og snerpete oppseding. Mora vil at den unge Fanny skal bli ei "fin dame", men dermed mistar ho mest alt av sitt sjølvstende under oppveksten. Ho blir usikker, utan livsmot og eigenvilje. Og ho giftar seg med den halvgamle mannen som har alliert seg med mora.