"Kjærleikens ferjereiser" handlar om vanlege menneskes liv, utfordringar og kjærleik. Den omtanken folk har for kvarandre, blir synleg når livet set dei på prøve. Ferjereisene fører folk saman: Dei unge serveringsdamene på rutebilkafeen, den gamle postopnaren, den opprørske ungguten og den fortvilte lærerinna møtest i ei intens handling som strekker seg over tre korte dagar. Med "Kjærleikens ferjereiser" vart forfattaren Edvard Hoem kjend for eit stort publikum. Romanen kom ut første gong i 1974 og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Den er å rekne som ein klassikar i norsk litteratur.