«Frå første gong eg las Knutar på originalspråket nynorsk, har eg vore fanga av Gunnhild Øyehaugs vidd, fantasi, ironiske samfunnskommentar, og fryktlause omfamning av ei kvar form for historieforteljing. Dette er historier å nyte, inspirerande både som kunstverk og i menneskeinnsikt.»
Lydia Davis, forfattar
Knutar, som kom ut i 2004, har no fått eit plusstillegg: fire noveller frå Stol og ekstase (2006). Knutar + er ei samling korte noveller som fortel om mentale, seksuelle, familiære band, om kjærleik, om innfløkte, nødvendige og uunngåelege situasjonar, forknytte og ikkje fullt så forknytte menneske. Novellene balanserer mellom det sanselege, det surrealistiske og det komiske: Vi møter til dømes ein misnøgd hjort, ein mann som er knytt til si eiga mor gjennom ein ubryteleg navlestreng, ei ung kvinne som er hemmeleg forelska i sin dødssjuke besteven, og ein noko merkverdig ufo.