Lorden
roman
Beskrivelse av boken
Jon Magne Moi er pensjonert lærar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslått og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige.
Kven i bygda står bak ugjerninga? Og kva er det denne mørke hendinga vekkjer i Jon Magne?
Tore Renberg er ein meister i å ta oss med over terskelen og inn i det krakelerande menneskesinnet. I Lorden kombinerer han litterær dristigheit og språkleg fingerspisskjensle med stor omsorg for det menneskelege. Eit djuptpløyande og intenst mannsportrett, skrive med ei særeigen psykologisk innsikt.]]>