Når landet mørknar
roman
Beskrivelse av boken
Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmsson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt, og blikket hennar er trassig og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir.
I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider?
Arnar drøymer om å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir.
I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og landet sine lovar.