I denne boka har forfattaren fanga inn eit bilete av verdssituasjonen i ramma av ei norsk bygd. Hovudpersonen Agnar står framfor ein meiningslaus strid som fører med seg hat, løgn og agitasjon, og forgiftar heile bygda. Ein parallell til dette er Agnars eige liv, forholdet til venen Birger og til Torill, alt det ugjorte og uforløyste.