Bokomslag for Sju galningar

Sju galningar

Beskrivelse av boken

Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljingfråunderverda i Buenos Aires, der pengeinnkrevjaren og oppfinnarenErdosain manøvrerer blant små og store kjeltringar, horer og hallikar, skrønandegullgravarar, revolusjonære militære og mystiske drøymarar med stormannsgalne planar. I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som einnyskapar. Historia om den pengelenseErdosain er einrøvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av einrasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjerdet til einnærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som skulle kome.Roberto Arlt (1900-1942) vaks opp i Buenos Aires i Argentina som barn av europeiske innvandrarar. Han hadde ein fattig og valdeleg oppvekst og blei tidlegutvist fråskulen. I ungdommen gjekk han frå jobb til jobb før han blei journalist. Samtida hadde ikkje sans for verka hans, og Arltdøydde som einlite kjendforfattar. Han blir i dag sett på som einforløpar for den magiske realismen og bløminga av den latinamerikanske litteraturen. Julio Cortázar, Gabriel GarcíaMárquezog Roberto Bolaño har alle trekt fram Arlt som ei viktig inspirasjonskjelde.

E-bok

Norsk (Nynorsk)