Vi møter ein ung mann som sit på ein psykiatrisk institusjon, skuldig i kriminelle handlingar han ikkje heilt forstår, men heller ikkje greier å fortrenge. Han klarar ikkje snakke om problema sine, men han har talent for å skrive, og psykologen oppmodar han til å skrive om seg sjølv. Med brutal realisme blir det fortalt om korleis ein barndom prega av kulde, avmakt og einsemd formar eit menneske som omverda ser på som eit monster.