Dette er tredje bok i den intenst spennande Skammar-serien, som erobrar 10-14-årige fantasy-elskarar i fleire og fleire land.
Når Dina ser den framande for første gong, under Midsommarmarknaden i Høglandet, kjenner ho berre eit lite stikk av uro. Men mor hennar, Skammaren, stivnar til når ho får auge på han. For ho veit at denne mørke mannen vil forfølgje Dina, og at dei alle no er i yttarste fare. Familien må flykte, ei mørk natt full av ugleskrik og merkelege vindar. Men kvar i all verda kan dei gøyme seg for ein svartemeister? Kvar kan dei vere trygge når den som jagar dei har slangens gåve?