Lesaren får leva med i det å vakna på Jæren eller i Yorkshire, og i det å velja livet, - igjen og igjen. I dikt fulle av ro, - og av uro. Dikt med pågangsmot - og avmakt.
Fleire dikt er studiar nettopp i det som er i live; dyr, plantar og ikkje minst poeten sjølv. Kvardagssyn og søndagssansingar, tidsoppleving og lyserfaring.
Vel har dei fleste åra kome og gått, men våren er jammen frekk nok til å dukka opp her på ny. Ja, ja, kva gjer vel det? Poeten er jo ennå i live - i livet. Alt det som spelar seg kring han og i han, i moll og i dur.]]>